Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

lørdag 19. januar 2013

Den einskilde barnehage står fritt. Det er rett og slett så svart/kvitt.

Du kommune som vil kartleggja
dei barnehage-små.
Bruk dei små grå.
Bla i Rammeplanen* nå.
Du vil sjå
at det finst inga råd.
Du har å 
gje deg,
du då.
Du kan'kje påleggja kvar einskild barnehage TRAS, 
eller MIO eller litt av kvart av anna mogleg vas.
Vil du oversjå dét, bryt du lova, som ein lovsprengar-bas.

Dei profesjonelle lyt få nytta skjønn
og ikkje kun lyda for å motta løn.

---

* Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (Kunnskapsdepartementet) - http://www.regjeringen.no/upload/kilde/kd/reg/2006/0001/ddd/pdfv/293095-rammeplan-nynorsk.pdf

Kapittel 4 (byrjinga): "Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast, 
dokumenterast og vurderast. Den enkelte barnehagen står fritt 
til å velje metodar og omfang ut frå lokale føresetnader og 
behov." (Rammeplanen for barnehagen.)