Du kommune som vil kartleggja
dei barnehage-små.
Bruk dei små grå.
Bla i Rammeplanen* nå.
Du vil sjå
at det finst inga råd.
Du har å
gje deg,
du då.
Du kan'kje påleggja kvar einskild barnehage TRAS,
eller MIO eller litt av kvart av anna mogleg vas.
Vil du oversjå dét, bryt du lova, som ein lovsprengar-bas.
Dei profesjonelle lyt få nytta skjønn
og ikkje kun lyda for å motta løn.
---
* Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (Kunnskapsdepartementet) - http://www.regjeringen.no/upload/kilde/kd/reg/2006/0001/ddd/pdfv/293095-rammeplan-nynorsk.pdf
Kapittel 4 (byrjinga): "Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast,
dokumenterast og vurderast. Den enkelte barnehagen står fritt
til å velje metodar og omfang ut frå lokale føresetnader og
behov." (Rammeplanen for barnehagen.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Hva mener du?