Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

torsdag 17. mars 2016

One Facebook answer fits (almost) all (questions)

Oppdatering: Ein kan jo bygge inn (eng. embed) med innebyggingskode. Eg er jo ein bloggar som ikkje er ein bloggar, så eg får sjå korleis det går. Eg prøver her no, ved klikke på "HTML-kode" ("blog embedding for dummies, taught by a dummy"? ;) :p) osb. Ikkje gjort sånt så mange gonger, berre nokre få.

Kjære lesar! Har du nokon gang tenkt; Kvifor gidder dei dette da? Er ikkje Visjon berre nok ein kanal, denne gang med...

Posted by Nei til TV Visjon Norge on 8. mars 2016


~~~~~~~
Her (under dei der strekane litt lenger nede) limer eg inn svarkommentaren min til fru Jensens kommentar i eit kommentarfelt i eit sosialt medium ...

(Kvifor så kryptisk, Sigmund?! -Kvifor ikkje? Men kommentaren blei lagd ut i ein undertråd i kommentarfeltet til dette innlegget (som for øvrig ikkje er skrive av meg). Om du ikkje finn han når du klikkar der, kan det tyde på at personen eg svarde i gjeldande tilfellet, har fjerna han.)

Eg deler denne kommentaren her fordi mykje av innhaldet er det same som i mange andre, liknande svarkommentarar. Eg har vore flink - eller dum, kanskje litt situasjonsavhengig i dei ulike høva - og svara mang éin gong på mangt eitt mest identisk spørsmål. Av og til har det vore trollande, anonyme personar (som eg rett nok ikkje har jatta med, og vanlegvis ikkje svara så mykje som i kommentaren eg deler her). (Eg skuldar ikkje fru Jensen for å vera ein slik person, altså.)

I alle fall: Sidan mykje av det eg svarer på i kommentaren, er spørsmål som er blitt stilte gjentatte gonger, deler eg det også her - utføre Facebook-verda. Folk kan fatte mykje av innhaldet sjølv om dei ikkje ser samanhengen. Men samanhengen er altså her.

Det finst ein del som ikkje flyttar seg til Facebook eller ikkje forstår Facebook eller ikkje klarer/gidd bla seg til riktig stad på Facebook. (Og så - ja - er Facebook litt teit ordna på nokre måtar ,sånn at ein ikkje alltid så lett kan finne det ein leiter etter. Det har du heilt rett i, du som tenkjer slik.)

___ ___ ___ ___ ___ ___ ___ ___

"Dette er ei Facebook-side, ikkje ei gruppe. Når dette er sagt, er det klart at det er ei gruppering av menneske som har funne og finn saman her på sida.

Andreas Henriksen starta ein gong ei side som heitte Vi som er mot TV Visjon Norge, og eg blei medansvarleg der. Seinare starta vi/eg
Nei til TV Visjon Norge, som "tok opp tråden".

Det er etter kvart fleire som har tatt ansvar for å drive sida, men fleire av dei som har likt henne (/"forgjengaren") - eller berre følgd med på henne - har lenge følgd med på Visjon Norge og det trugsmålet kanalen er mot normal menneskeleg fornuft og omgang, samfunnsdialog, demokratisk tankegong, mentalhelse og privatøkonomi. (Og åtvara, kritisert, vore klar over at kanalen er farleg.)
Noko av dette høyrest kanskje valdsamt, pompøst og/eller "sleivete" ut, men eg prøver summera opp mykje med liten plass her ... Ønsker ikkje å skriva den lengste Facebook-kommentaren gjennom tidene her no. Då kan sikkert også denne kommentaren bli misforstått eller ikkje vera den tydelegaste her i verda.

Du spør om kvifor denne sida er danna? Det har å gjera med omtanke for medmenneske å gjere, og med at framgangsteologien, Visjon Norge og Jan Hanvold måtte få nokre motstemmer. Og for å bruke Andreas Henriksens ord frå byrjinga av tidslina på "Vi som er mot TV Visjon Norge": NOKO måtte gjerast. Det var ikkje greitt at så mange sat stille og såg på

Sjølv var eg tidlegare Visjon Norge-givar, men dette har ikkje vore hovudsaka for meg. Det har snarare vore ei erfaring som har gjort at eg veit mykje om korleis visse typar forkynning kan verke inn på mentalhelsa. For å nemne noko.

Eg har ikkje lenger ansvar for denne sida, men eg hadde jo lenge hovudansvaret og kan snakka ut frå det: Eg har eit kristent livssyn. Andreas, som altså starta forgjengarsida, hadde ikkje eit kristent livssyn, men han og eg var like fullt einig om mykje; det er normalt for menneske å reagera negativt når medmenneske blir krenka og ein ser at ein kan ytra motstand og meining som kanskje kan få gjort _noko_ med problema. Vi tenkte på verbalvaldelege pengepreiker og forkynning om å så og hauste utan rot i røynda. Vi tenkte på fleire ting også, men i staden for at eg skal dure vidare om dette, oppfordrar eg deg til å ta deg ein rundtur: Sjå på bileta som finst her på sida, les nokre av innlegga mine på
www.verdidebatt.no/siggysportif eller http://sigmundvoll.blogspot.no, les andre sine innlegg på Verdidebatt.no, DagensDebatt.no eller andre stader, bla vidare nedover tidslina (veggen) her på sida og sjå YouTube-videoar vi har lenka til +++

Eg har ikkje for vane å oppfordre til "visualisering", men dette visualiseringsliknande "grepet" tilrår eg deg med glede her og no:

Lukk auga i to minutt og sjå og høyr Bayo Oniwinde (med høg stemme og mykje mimikk), Glory Backman (med "you are cursed if you don't tithe"), Brandon Spiker (eg seier ikkje meir) - kvar for seg eller samtidig - snakke om pengar, velsigning og TV-arbeid.
Om du har sett eller høyrt nokon av desse nokre gonger, bør dette ha ein viss effekt på korleis du ordlegg deg vidare om folk som ytrar seg kritisk om Visjon Norge. Om du ikkje har det, kan eg sjølv lukke auga, telje til ti og komme på kor det var eg hadde lagt (ut) avskrift av ditt eller datt.

Om forkynninga på Visjon Norge er "bibelsk" eller "ubibelsk"? Vi kan seie det så enkelt og komplisert som dette: Det er mykje ein kan rive laus frå konteksta si i Bibelen og deretter "med rette" preike fantasifullt i veg og hevde at det er "bibelsk".
Du kan sitera bibelvers frå kvar tiande side i Bibelen og sikkert kome opp i eit høgt og fint tal ("å, så mange bibelvers eg har pugga i dag, og vedkjent som "løfte"!"), men det er ikkje det same som at du preiker/lærer/lever på kristeleg eller sunt (balansert?) vis.
"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Hva mener du?