Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

torsdag 29. juli 2021

Vårt Land og TV-pastor Torp

Litt om pastor Torp, presseetikk og debattkultur. Innlegget skreiv eg med bakgrunn i blant anna ei tekst av psykologspesialist Einar Salvesen. Teksta hans stod i avisa Vårt Land. Salvesen er ein ven og samarbeidspartnar av Jan-Aage Torp. (Pinsepastor Karl-Axel Mentzoni hadde òg ein Torp-hyllest på trykk i Vårt Land.)

Einar Salvesen misliker (Vårt Land 23.6.) Vårt Lands «angrep» på pastor Jan-Aage Torp (12.6.). Han saknar norske motstemmer, og innspel frå «alle de» som har erfart brubyggaren Torp. Han sakna «en mer nyansert fremstilling i [avisas] analyse enn det som fremkommer i artikkelen». 

Er Vårt Land presseetisk ureieleg? I alle fall: Journalistane såg på Torps makt, språk og truverd. Torp blei tilbydd intervju. Han takka nei, men fekk eit sitat på trykk 11.6. Ein mektig ven av Torp som openbert ser han som brubyggar, fekk god plass i same sak.

Snever
Torp er romsleg, synest Salvesen. Og nemner Torps show på Jan Hanvolds religiøse kanal (Visjon Norge), som Torp har hjelpt sidan NRKs dokumentar «Pengepredikanten». Han påpeiker at Torp har gjestar med andre livssyn. Gjestar som er brikker, vil eg seie. Brikker i Torps bygging av nettverk og image – og av merkevara Visjon Norge. Eg ser ikkje noko romsleg i det.

Hanvold og Torp blokkerer folk som spør litt kritisk i sosiale medium. Debatt med underteikna er dessutan uaktuelt for Torp. Som stør hetse-nettsida «Vi som støtter Visjon Norge». Reieleg?

Overdriving
Torp hjelper dei som er kua av barnevernets inkompetente inngrep, hevdar Salvesen.

Barnevernet gjer feil iblant. Salvesen og Torp har sett ein del ugreitt og kan ha hjelpt nokre personar. Torps virke treng likevel kritisk lys. Vonde røynsler med barnevernet tar heller ikkje vekk dei gode – og gir ikkje Salvesen grunn til å skrive «total mangel på evne til å utvise empati» om denne instansen.

Salvesen skriv om Torp-engasjement prega av «sakkunnskap og samarbeidsvilje». Allslags folk blir visst møtt «med toleranse og åpenhet». Men Salvesen påstår å ha «lite kjennskap» til hans religiøse ståstad. 

Dette er ikkje truverdig. Følger ein litt med, veit ein kor Torp og Visjon Norge står. Salvesen kjenner Torp, deltar ofte i Torps TV-show og har vore i Studio Direkte (Visjon Norges viktigaste program). Han kjenner godt til Torps religiøse ståstad.


Ein tidleg, lengre versjon av innlegget ligg hos avisa Vårt Lands Verdidebatt. (Det var det siste som slapp til før forumet blei stengt for godt.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Hva mener du?