Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

mandag 27. januar 2014

Fy fandango for fisefjas frå Fundamentalist-Fantasia!

Famlande fottrinn, fåfengde feberfantasiar: Foraktelege formlar fremjest. Frå forkynnardyrkande forsamlingar, framstegvenlege fantomfar, fargelause festivitasfolk. Får forakta framleis fri frammarsj?

Frøken Framandfrykt - fri frå fengslet for fugleskremsel. Fliret får fullt feste før frøkna fingrar fram faenskapen, fy-orda, friskus-utsegna.
Forum får "fridomsbodskapen" formidla: "Fedrelandet føretrekkjer fråflytting! Frykt framandfolk!"
Fedrelandsfrender frå framandstrøk får frekke, faglause formaningar; frøkna frå Frp-egnen føretrekkjer friskusgloser framføre fagleg festa forslag. Forkynnarhelten - Finanspastoren Famous Fredric - formidla fundamentalistisk fridom for frøkna - fridom frå forstand. Fridom for fysakfjerting. Fiskebollekulturelle frøken Framandfrykt, fornøgd: "Framifrå!"
Frekkheita florerer. Forkynnarfrekkingen Fredrics favorittar forblir faktumfornektarfellene. For fidibusherrane, ferskenfruene, finansfrøknene fattar førebileta frå Frp-Fantasia. Fiskeskrøner finn fram; forventa formidling formår: "Framandfolk, forsvinn!"
"Fakta? Finn få! Falafel-folk får for f... forstå: Fantasi-sionistar, favorittpredikantar forkynner framleis fridom for fantar. Fantastisk! Formidabelt!"
Framandfryktfeber forringer forståing, fremjer forfordeling, fuskar.
Fisefinkvite fundamentalistherrar, fortrylla: "Forelska, for farao!" Funklande fåreblikk frå frøken Framandfrykt framkallar fnis, forskansar forvirringa, forvrir forstanden. Faktaframstilling forstoppest. Freidige freistarfrøken framelskar framandfiendskap. Fenomenal føremonn for Framstegspartiet?
Frp-venlege forumdebattantar forkynner falske fridomsformlar for fellesskapen. Får framandfryktarane framleis fri frammarsj?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Hva mener du?